Venabygd Breibandlag

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Generelle vilkår

  1. Avtaleforholdet

Desse vilkåra for tilknytting og bruk av breibandtilgang levert av Venabygd Breibandlag BA (”Vilkåra”) gjeld for avtale om abonnement på breibandtilgang (”Tenesta”) frå Venabygd Breibandlag BA (”VB”) til den juridiske eininga som har teikna abonnementet (”Kunden”), så sant ikkje anna er avtalt.

Avtalen kan ikkje overdragast til andre utan skriftleg godkjenning frå VB.

2. Tenesta

VB tilbyr fast internett-tilgang med maksimalhastigheit og andre vilkår angitt for det enkelte abonnement. Tenesta og tenestespesifikke vilkår er nærare beskrive i Vedlegg 1.

3. Vedlerlag og betalingsvilkår

For etablering og bruk av Tenesta skal Kunden betale avgift i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande prisar og betalingsvilkår for VB sine tenester.

Vederlag og betalingsvilkår kan endres som beskrive i punktet ’Endring av avtalevilkår’.

4. Kunden sine plikter

Kunden er sjølv ansvarleg for den informasjon Kunden utnytter, formidler eller sprer ved hjelp av Tenesta. Kunden er også ansvarleg for brukere som gis tilgang til Tenesta gjennom Kunden, og at dei etterlever avtalevilkåra.

Kunden plikter å følge evt. sikkerheitsbestemmelser gitt av VB, og å halde teknisk informasjon og innloggingsinformasjon konfidensiell.

Kunden forplikter seg til å foreta umiddelbar avkopling eller tilpassing av utstyr som forstyrrer VB sitt nett på ein slik måte at det går ut over annan trafikk og/eller reduserer kapasiteten i nettverket vesentleg. Ved mistanke om slike forhold kan VB pålegge kunden å dokumentere kva utstyr som er i bruk og evt. parametersetting på det. Vedlegg 1 – Tenestespesifikke vilkår gir nærare detaljer for dei plikter Kunden har.

5. Leverandøren sine plikter

VB skal søke å halde Tenesta tilgjengeleg, men har rett til å forestå avbrudd, forstyrringer og endringer som er nødvendige av tekniske, vedlikehaldsmessige eller driftsmessige årsaker. Kunden skal så langt råd er varslast på førehand om slike tiltak. VB er ikkje ansvarleg for driftsforstyrringer som oppstår utanfor VB sitt nettverk.

6. Mislighald

Dersom det er mangler ved Tenesta som ikkje skuldast Kundens eige utstyr eller andre forhold som VB ikkje er ansvarleg for, skal Kunden varsle VB og gi ei beskriving av slike mangler innan rimeleg tid etter at mangelen er eller burde vore oppdaga, og seinast to månader etter at mangelen er oppdaga. Dersom Kunden ikkje reklamerer innan fristen, mister Kunden retten til å gjera reklamasjon gjeldande.

Ved forsinka betaling har VB rett til å krevje morarenter og dekning av utgifter i samband med utanrettsleg inndriving av kravet, som gitt av inkassoloven med tilhøyrande forskrifter.

Ved brot på Kunden sine plikter kan VB stenge tilgangen til Tenesta heilt eller delvis, inntil Kunden har brakt sin bruk av Tenesta i samvsar med avtalevilkåra. Kundens betalingsforpliktinger løper som normalt under slik avstenging.

Ved vesentleg mislighald har partane rett til å seie opp abonnementsavtalen med øyeblikkeleg virkning. Som vesentleg mislighald reknast mellom anna gjentekne brot på Kunden sine plikter og unnlating av å innbetale vederlag etter at betalingspåminning er sendt Kunden.


7. Erstatningsansvar – ansvarsavgrensing

Kunden skal halde VB skadeslaus for krav som tredjemann måtte rette mot Kunden som følge av Kundens eigen bruk av Tenesta.

VB er berre ansvarleg for direkte tap som skuldast grov aktløyse frå VB si side. VB er ikkje ansvarleg for indirekte tap som følge av mangler ved Tenesta.

VB sitt erstatningsansvar er uansett årsak begrensa til det vederlag Kunden har betalt for Tenesta i den perioden som ligg til grunn for kravet.

8. Behandling av opplysninger

VB betrakter alle personopplysninger gitt av Kunden som fortrolige, og vil ikkje overgi opplysningane til annan tredjepart enn det som er nødvendig for å levere Tenesta inkludert fakturering. VB kan utlevere personopplysninger til offentleg myndigheit dersom dette er pålagt ved lov.

VB kan loggføre bruken av nettet som grunnlag for generelle statistikker og for overvåking av trafikkvolum. Slik logg kan overleveres offentleg myndigheit etter pålegg. Logger og andre opplysninger om Kunden vil bli sletta når VB ikkje lenger har bruk for dei.

9. Angrerett for forbrukere

Kunder som er forbrukere, og berre dei, har angrerett så langt dette følger av lov om opplysningsplikt og angrerett mv. av 21.desember 2000. Angreretten medfører at Kunden kan gå frå avtalen innan 14 dager frå Kunden har mottatt informasjon som angitt i Angrerettloven kapittel 3.

Ved bruk av angreretten skal Kunden levere evt. utlevert utstyr tilbake til VB. Returkostnad bæres av kunden, med mindre VB har mislighalde avtalen. VB vil betale tilbake det Kunden har betalt innan 14 dager frå utstyret er levert tilbake.

10. Endring av avtalevilkår

VB kan endre Vilkåra inkludert vedlegg med ein månads varsel. Ved særlege tilhøve som påvirker VB sine kostnader med drift av Tenesta kan prisane endres med kortare varsel.

Endring meddeles på VB sine internettsider eller via epost.

Kunden har rett til å seie opp avtalen dersom endringane er vesentlege. Skriftleg varsel om oppseiing må vera mottatt av VB innan ein månad frå meddeling av endringa.

11. Fritaksgrunnar (Force Majeure)

Dersom det skulle oppstå ein ekstraordinær situasjon som ligg utanfor partane sin kontroll, skal dette betraktes som fritaksgrunn som suspenderer partane sine forpliktinger etter avtalen så lenge den ekstraordinære situasjonen foreligg, dersom denne situasjonen hindrer oppfylling av avtalen eller gjer oppfylling urimeleg tyngande. Dersom den ekstraordinære situasjonen varer ut over 6 månader kan kvar av partane seie opp avtalen med øyeblikkeleg virkning. Ved slik oppseiing bærer partane sine eigne omkostninger.

12. Oppseiing/opphør

Avtalen gjeld til den blir oppsagt. Gjensidig oppseiingstid er 3 månader.

Ved opphør av avtalen skal Kunden innan 14 dager returnere eventuelt utstyr. VB kan krevje marknadsverdi for utstyret dersom det ikkje leveres tilbake innan fristen eller leveres i skadd/defekt tilstand.

13. Tvister

Eventuelle tvister vedrørande tolking eller anvending av avtalen skal avgjerast etter norsk rett og av norske domstoler. Sør-Gudbrandsdal tingrett er verneting.

 

Sist oppdatert fredag 05. mars 2010 10:59