Venabygd Breibandlag

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Spesifikke vilkår - radio

Vedlegg 1 Tenestespesifikk vilkår

Breibandtilgang via radio

Dette er ei teneste som gir Kunden fast tilgang til internett ved hjelp av radiosender med antenne.

Maksimalhastigheita er angitt i gjeldande prisliste. VB kan ikkje garantere hastigheit på internett fordi den er avhengig av faktorar utanfor VB sitt ansvarsområde. Oppnådd kapasitet vil variere fordi samtidige brukere deler tilgang.

Føresetnader

Teneste føreset at radiosendaren kan monteres innafor dekningsområdet av eitt av VB sine sendepunkt, og med fri sikt til dette punktet. VB kan avslå tilknytting av sendere som oppnår dårleg sendekvalitet.

Kunden må ha PC eller anna datautstyr med minimum 10Mbps Ethernet grensesnitt som kan kjøre TCP/IP protokollene og med støtte for DHCP.

Utstyr

VB leverer nødvendig utstyr for oppkobling ferdig konfigurert. Dette omfatter normalt radiosender, antennekabel og antenne. Komponentane kan vera samanbygd i ei eining. Endringer, herunder konfigurasjon, av dette utstyret må ikkje gjerast utan samtykke frå VB. Nærare beskriving av utstyret vil bli gjort tilgjengeleg på VB sine heimesider.

VB bistår normalt med montering og testing av utstyret i samband med oppstart av abonnementet. Det er Kunden sitt ansvar å legge til rette for sikker montering og drift, bl.a. gjennom:

  • Gi montør trygg tilgang til monteringsstad, om nødvendig med stige el. lift
  • Sørge for tilgang til strømtilførsel for radiosender (inne i bygningen)
  • Sørge for akseptable klimaforhold for utstyret og nødvendig sikring mot torden

Alt kundeplassert utstyr levert med abonnementet er VB sin eigedom. Kunden tek ansvar for skade eller tap av kundeplassert utstyr frå det tidspunkt det blir overlevert Kunden på avtalt tilknyttingsadresse.

VB skal ha tilgang til lokala og utstyret i den utstrekning det er nødvendig for drift av Tenesta.

Kundens utstyr

Tilpassinger av kundens eige datautstyr/-nettverk for tilknytting til radiosendaren er Kundens ansvar.

Kunden har lov til å sette opp nettverk i eigen husstand/juridisk eining/lokal avdeling.

Kunden er ansvarleg for ikkje å bruke utstyr som forstyrrer VB sitt nett.

Bruk av Tenesta

Nettet er basert på delt kapasitet, og t.d. store opp- eller nedlastinger over lengre tid vil gå ut over kapasiteten til andre kundar. Kunden plikter å ta omsyn til dette, og ikkje bruke Tenesta på ein måte som medfører store ulemper for andre.

Det er ikkje lov å videreselge eller leie ut linjekapasitet utan særskilt avtale med VB.

Det er ikkje tillatt å bruke Tenesta til tilbud av kommersielle aktiviteter eller sette opp servere, herunder fildelingstenester eller peer-to-peer, utan særskilt avtale med VB.

Betalingsvilkår

Abonnementet løper frå utlevering/montering av utstyret. Første forfall på abonnementsavgift er 14 dager etter at utstyret er kvittert ut, og dekker abonnement ut inneverande kvartal pluss neste. Seinare kreves abonnementsavgifta normalt inn kvartalsvis på forskot.

 

Sist oppdatert fredag 05. mars 2010 10:22