Anleggsarbeid sommaren 2020

Breibandlaget ønsker å levere høgare hastigheiter til alle abonnentene våre. I sommar/haust vil derfor mange få besøk av installatør for gratis utskifting av radiomottakaren slik at vi får meir einsretta nivå på utstyret. Opptelling viser at dette vil gjelde omlag 1/3 av abonnentane. Det vil gi oss grunnlag for ei generell justering av hastigheitene.

Hos mange vil det vera tilstrekkeleg med bytte av antenna ute på veggen, andre stader vil det i tillegg vera behov for å bytte strømadapter inne. Der vi på forhånd veit at det er behov for å komme inn i bygningen vil vi varsle og avtale tidspunkt.

Arbeidet vil delvis utføres porsjonert ut over sommaren/hausten, men det vil truleg også bli nokre intensiverte dagar med ekstra innleigd hjelp. Det kan da bli justeringer undervegs, og abonnenter kan derfor få folk på døra utan forhåndsvarsel. Det vil bli lagt ut generell informasjon her på sidene når datoar for dei mest intensive rundene er avklart.

Det er ikkje nødvendig å bytte innerouter sjølv om du får ny antenne ute, men hvis routeren er av ein eldre type kan den bli ein flaskehals når hastigheitene blir auka. Installatørane kan levere eller ta opp bestilling på ny router dersom du ønsker det.