Lokal internettleverandør

Venabygd Breibandlag SA er din lokale internettleverandør!

Breibandlaget starta i 2004 som eit svar på behovet for skikkeleg internett i Venabygd. Laget er organisert som eit samvirkeforetak (SA) med vel 70 lokale andelseiere, og leverer internett til både bedrifter og private.

Dekningsområdet er etter kvart utvida også utanfor Venabygd og Venabygdsfjellet, med abonnentar både ellers i Ringebu og på Sør-Fron. Talet på abonnentar er nå godt over 200 og stadig aukande.

Teknologien som brukes er ein kombinasjon av fiber og trådlaus overføring med faste sendere og mottakere. God lokalkunnskap gjer det mogleg for laget å finne kostnadseffektive og kundetilpassa løsninger.

Som samvirkeforetak har breibandlaget som formål å skaffe internett, ikkje å betale utbytte til eigarane. Du kan lese meir om organisasjonen Venabygd Breibandlag SA under menyvalget Om laget