5G frå Venabygd Breibandlag
Venabygd Breibandlag leverer stabilt og raskt internett over 5GHz frekvensbandet
Med faste radiomottakere hos den enkelte abonnent har Venabygd Breibandlag full kontroll over signalstyrke, antal abonnenter og belastningen på dei ulike sendarane. Det gjer at vi kan tilby abonnement med fri bruk, utan volumbegrensning.
Breibandlaget utvikler nettverket sitt kontinuerleg, og oppgraderer både sendepunkt og mottakere etter behov. Dersom det er behov for oppgradering av den utvendige mottakeren hos deg vil Breibandlaget ta kontakt og utføre utskiftinga kostnadsfritt for deg.
Nye abonnenter blir nå normalt kobla opp på 5GHz frekvensbandet. Det åpner for høgare hastigheiter i framtida.
Vi ser at fleire og fleire velger det raskaste abonnementet Privat Maxi. Det nye utstyret gjer at vi nå kan tilby toppabonnementet til alle som ønsker det (dog fortsatt med forbehold om tilstrekkeleg signal). Ta kontakt dersom dette er aktuelt for deg!
Les meir om abonnementstyper og -vilkår under Produkt.
Lokal internettleverandør
Venabygd Breibandlag SA er din lokale internettleverandør!
Breibandlaget starta i 2004 som eit svar på behovet for skikkeleg internett i Venabygd. Laget er organisert som eit samvirkeforetak (SA) med vel 70 lokale andelseiere, og leverer internett til både bedrifter og private.
Dekningsområdet er etter kvart utvida også utanfor Venabygd og Venabygdsfjellet, med abonnentar både ellers i Ringebu og på Sør-Fron. Talet på abonnentar er nå over 300 og stadig aukande.
Teknologien som brukes er ein kombinasjon av fiber og trådlaus overføring med faste sendere og mottakere. God lokalkunnskap gjer det mogleg for laget å finne kostnadseffektive og kundetilpassa løsninger.
Som samvirkeforetak har breibandlaget som formål å skaffe internett, ikkje å betale utbytte til eigarane. Du kan lese meir om organisasjonen Venabygd Breibandlag SA under menyvalget Om laget